- by
Ledelsen på Leikanger Fjordhotel
Konserndirektør Unike Hoteller
Morten Christensen
morten@unikehoteller.no
Mobil: +47 917 28 243
Av Hanne Stedje / Sogn Avis
Publisert: 07. januar 2020, kl. 07:31
Emilie (29) er student og nybakt hotellsjef: – Nesten uverkeleg
– Eg er utruleg takksam for å få denne sjansen!
Emilie Pellegrino (29) har eit særs spanande nytt år i vente, sidan ho er nytilsett som hotellsjef ved det som heretter heiter Leikanger hotell.
Spent sjef
– Det er heilt fantastisk, eg gler meg veldig til å komma skikkeleg i gang.Ho er på ingen måte ny på huset. Emilie har nemleg jobba på hotellet sidan ho hadde sin første sommarjobb her som 14-15-åring. Sidan har ho vore med på å løysa dei aller fleste arbeidsoppgåver eit slikt hotell har å by på.
Nye eigarar
– Det er mykje som skal til for at det skal fungera, det er verkeleg ei utfordring, men det er ei knallfin utfordring som eg gler meg til å få starta på, seier Pellegrino, som har jobba saman med dei tidlegare eigarane i fleire sesongar.- Eg er dei evig takksam for at eg no får denne sjansen, understrekar ho.Samstundes med at det ærverdige gamle fjordhotellet, som har vore eigd og drive av familien Lie i 100 år, skiftar namn, er det nemleg også duka for eigarskifte.Unike Hoteller er namnet på konsernet som no skal ta hotellet vidare.
God match
– Me er sikre på at dette blir ein veldig god match for alle partar. Det har vore brukt monaleg med tid på å finna den rette partnaren, ikkje berre ein kjøpar, seier Frank Lie Schieldrop, rådgjevar for familien Lie.Han legg til at Adelheid Lambrechts og Trine-Lise Lie er glade for at hotellet vert drive vidare i ei god form og i ei god ånd som er godt forankra i lokalsamfunnet etter 100 år med hotelldrift.
Viktig vegskilje
Mor og dotter har drive hotellet vidare etter at Jan Erik Lie brått gjekk bort i mai for halvanna år sidan med tanke på å sikra drifta vidare. Jan Erik var fjerde generasjons eigar av hotellet som opna i 1920.- Det kom til eit slikt vegskilje i og med at Jan Erik gjekk bort. Det var han som var hotellmannen. Familien har drive det vidare for å sikra verksemda vidare, men med eit ynskje om å selja, seier Schieldrop.
Passar perfekt
Med det blir hotellet på Leikanger ein del av konsernet som frå før har ni hotell rundt om i Noreg, mellom desse Grand Hotel i Åsgårdstrand, Hotel Kong Carl i Sandefjord, Hankø Hotel og Spa og Seljord Hotel.- Leikanger hotell med sin unike plassering passar perfekt i vår portefølje av unike, ærverdige hotell, seier Morten Christensen, konsernsjef i Unike Hoteller AS.
Personleg service
Han meiner potensialet er enormt, ikkje berre med tanke på turisme og reiseliv, men også når det gjeld lokalbefolkninga.- Me vil gjerne ha ope litt meir og ha eit tilbod til folk som bur på Leikanger, både når det gjeld selskap og diverse tilstellingar. Det har me lyst til å gjera meir av, kanskje ha ope større delar av året, til dømes. Elles er me opptekne av personleg service. Me er vil ikkje ha det minimalistisk og straumlinjeforma, seier han.
Minibar og badekåpe
– Me vil fylla romma med kremar og såper og minibarar og badekåper og slike ting. Me vil dekka med kvite dukar og tøyserviettar, og ha tilsette som går i gamaldagse uniformer med kvite skjorter og vestar. No for tida skal det jo berre vera svarte t-skjorter over alt, det er ikkje oss, seier Christensen. Han er veldig godt nøgd med å ha fått Emilie Pellegrino med på laget.Emilie på si side, skal berre nett gjera ferdig utdanninga si i reiseliv ved høgskulen i Sogndal først.
Travle tider
– Eg takka ja til dette med vilkår om at eg fekk avslutta utdanninga. Det håpar eg går fint. Når hotellet opnar i mai, er skuleåret meir roleg, seier ho, som reknar med å vera ferdig med bachelor i 2021. Fram til dess blir det travle tider, men det er slikt ho likar.- Ja 2020 blir eit spesielt og kjempespennande år. Eg elskar livlege hotell, desse meir livleg det er, dess meir moro er det å jobba, slår ho fast.
Vil skapa møteplass
Emilie er prosjektleiar for Fruktbare dagar, noko ho også håpar å kombinera med hotelljobb og studiar.- Eg vil veldig gjerne vera med på å skapa dei arrangementa me har her på Leikanger, og håpar me kan bruka hotellet meir til slike ting framover. I tillegg har eg veldig lyst til å skapa ein møteplass for lokale folk òg, at dei i større grad vil komma og setja seg i hagen med mat og drikke eller møtast her i ulike samanhengar.Det er massevis av idear, det gjeld bere å få samla tankane og setta seg ned og leggja konkrete planar. Tanken og målet er heilårsdrift, seier ho.